Dei blei dømt for miljøkriminalitet!

Leserbrev av Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

Anne-Karin Sjøli latar som at leiinga ved Raudsand ikkje blei dømt for miljøkriminalitet. Dei blei dei i alle rettsinstansar. Dommane vil i all framtid bli ståande som pålar i norsk miljøhistorie fordi ein fekk rettskraftige dommar som dømte industrileiarar for miljøkriminalitet.

Eg veit ikkje om Sjøli godtek NRK si versjon av dommen: «Høgsterett er samd med Økokrim, og meiner at to tidlegare leiarar i gjenvinningsbedrifta Aluscan i Møre og Romsdal må sone 45 dagar i fengsel.»

Mitt ærend er ikkje å gå etter dei som blei dømt for når du har tatt di straff er du like god som nokken andre, men det viktige med desse dommane er at det ikkje skal skje igjen. Derfor legg eg som kommunestyrerepresentant inn andre forslag til vedtak.

Mitt ærend er at Norge med vår eigen havrettsminister, Jens Evensen, fekk FN sin Havrettskommisjon med på å rettsleggjere alt som har med hav å gjere. Norge fekk av dette om lag 2 millionar kvadratkilometer med hav. Med olje, gass og fisk. Enorme verdiar som vi må ta vare på. Og det følgjer og med ei plikt til ikkje å forureine desse områda. Staten ved dømmande makt har felt dom over verksemda på Raudsand med utslepp til sjø, men den utøvande makta, Regjeringa bryr seg ikkje med å rydde opp. Sjølv om tilsynsmakta Miljødirektoratet sei at fjorden har fått nok gift. Ho ber meg som kommunestyrerepresentant å legge til rette for å fylle meir avfall oppå det gamle deponiet. Det har eg tenkt å stemme i mot og legge fram andre forslag. Det kan virke som at Anne-Karin Sjøli ikkje vil innrømme meg den retten.

Så sausar Sjøli dette i hop med om eg kan praktisk arbeid og om to ubemidlede menn som har jobba mykje og er besteforeldre. Og ho vil ha seg fråbedt at eg skriv om folket på Raudsand. Kva det har med saken å gjere veit ikkje eg, men dei juridiske fakta i saken er klar.

Aluscan dommane er og vil alltid bli eit fyrtårn i arbeidet mot miljøkriminalitet og forureining frå industri.

Tidligere leserbrev fra kommunestyrerepresentantene i Molde:

Både folket og fjorden har fått nok av ein stat som ikkje bryr seg med miljø

Fylkeslederen i SV farer med løgn