Sp har ikkje snudd

Senterpartiet stemde først ja, så nei til Raudsandsøknad – årsaka var mistyding om kva saka eigentleg handla om.

– Vi har slett ikkje snudd i deponisaka, eier Rolf Arne Hamre, leiar for Molde Senterparti.

Leiinga i Molde senterparti vil presisere sin ståstad i deponisaka, etter kritikk frå tilhengarar av deponi på Raudsand som har organisert seg i Facebook-gruppa «Vi som kjemper for industriarbeidsplassar innan resirkulering i Nesset». Desse er skuffa og sinte etter formannskapets vedtak i saka om rammetillatelse og midlertidig dispensasjon for Deponi 2 på Raudsand, som vart nedstemt. Dei klandrar mellom anna Senterpartiet for å ha skifta kurs.

Hamre, som også er nestleiar i Hovedutvalg for teknisk, plan, næring og miljø, poengterer at Molde Sp har programfesta å arbeide mot deponi på Raudsand,
og har gjort det heile vegen.

Dunkle sakspapir

– Men her stemde Sp ja i hovudutvalet og nei i formannskapet, det er vel å snu?

– Nei. I utvalet trudde vi at vi saka gjaldt dispensasjon for ei avkjørsel. At det også handla om løyve til overfylling av Deponi 2, var så skjult i saka at vi ikkje oppfatta det, derfor stemde vi for, seier Hamre.

– Så de oppfatta ikkje at saka også omhandla rammeløyve?

– Nei. I sakspapira framstår det som ei dispensasjonssak, ikkje ei sak om rammeløyve. Sakspapira er dunkle, slik skal det ikkje vere. Det må gå klart fram kva saker handlar om, så vi veit kva vi vedtar, seier Hamre.

(pluss-artikkel)

https://www.rbnett.no/nyheter/2020/05/29/%E2%80%93-Har-ikkje-snudd-i-deponisaka-21938851.ece