Ope brev til Molde kommunestyre

Leserbrev i papirutgaven av Romsdals Budstikke fra Gjemnes Senterparti og Møre og Romsdal Senterparti

Gode kommunestyrerepresentantar i Molde kommune!

Før kommunevalet i 2019 hadde Gjemnes Sp programfesta motstand mot etablering av deponi på Raudsand. Det var fordi vi som nære naboar til deponiområdet har vore vitne til og fått god kjennskap til det som har gått føre seg på staden etter gruveavviklinga i 1982-83. Miljøkonsekvensane av aktiviteten frå 1990-talet og utover gjer at vi ser med stor uro på alle vidare planer for deponering på Raudsand. Vi vil neppe nokon gong få friskmeldt Tingvollfjorden med stadig ny tilførsel av ureine og uønska massar.

Forureining av fjord og grunnvatn med alvorlege og langsiktige konsekvensar for liv og helse er eit lite omtala tema hos tilakshavar og støttespelarar i Nesset. Forståeleg nok; for rein fjord og deponi i dårleg berg går liksom ikkje i hop.

Mange av oss som lever av og forvaltar norsk natur er gjerne Sp-veljarar. Den grøne kløveren vår uttrykkjer ei tru på grøne næringar og vi ser at eit godt omdømme er viktig for at det naturbaserte næringslivet skal vere levedyktig. Difor vil vi tru at Sp-folk lettare forstår verdien av rein fjord og reint vatn i matproduksjonssamanheng. Siste månadene har akkurat dette fått ekstra fokus, og det må gle alle som er opptekne av berekraftig naturforvaltning. Langsendt avfall til ueigna deponilokasjon er det motsette.

At først Nesset kommune, og no Molde kommune, med nokre få km strandlinje langs Tingvollfjorden, skal få avgjera deponispørsmålet åleine, meiner vi er heilt urimeleg. Ikkje minst ut ifrå det faktum at deponiområdet praktisk tala ligg på kommunegrensa, og tilstøytande grunneigarar på Gjemnessida er sterkt imot vidare deponeringsaktivitet.

Molde og Gjemnes kommune har ei lang felles grense frå øvst i Batnfjordsfjella/Langdalen til Tingvollfjorden ved Raudsand. Dei har over tid oppretta eit godt samarbeid på mange felt. Dette samarbeidet må no og gjelde felles ansvar for vidareføring av eit intakt naturgrunnlag for at komande generasjonar kan bygge og bu her. Fjorden er eit felleseige med fleire andre kommunar, og inngrep her vil påverke store deler av fylket. Vi synest Molde kommune må vise naboane respekt ved å legge føre var-prinsippet til grunn og gå imot deponiplanene på Raudsand. Det vil utan tvil vera det beste for regionen vår framover.

Gjemnes Sp ønskjer med dette å støtte Molde Sp og øvrige kommunestyrerepresentantar i kampen vidare mot deponiplaner på Raudsand. Lykke til!


STYRET I GJEMNES SENTERPARTI

KOMMUNESTYREGRUPPA GJEMNES SENTERPARTI

TOVE HENØEN, Møre og Romsdal Senterparti