Opprop mot deponi

I eit opprop til dei folkevalde seier 30 profilerte næringslivsleiarar i Molde nei til eit nasjonalt deponi i kommunen. Kommunestyret i Molde skal i morgon behandle den såkalla deponisaka. Eit nytt deponi trengst, då dagens deponi på Langøya i Oslofjorden snart er fullt. Raudsand er eit av alternativa. Oppropet kjem på initiativ frå reiselivet. I oppropet meiner næringslivsleiarane at det er stor og aukande lokal motstand mot den planlagde etableringa av anlegget på Raudsand.

https://www.nrk.no/mr/opprop-mot-deponi-1.15056396