Vil skalere ned Raudsand-anlegg

Bergmesteren Raudsand informerer Molde kommune om at dei vil skalere ned kraftig det planlagde anlegget for gjenvinning av uorganisk farleg avfall på Raudsand. Dei informerer om dette i forkant av behandlinga i kommunestyremøtet torsdag, og skriv at nedskaleringa i stor grad møter innvendingane mot deponi-planane. Planane var at anlegget skulle kunne ta imot store mengder svovelsyre på Raudsand, men no har den største leverandøren av dette avfallet, Krono Titan i Fredrikstad, funne ei anna løysing enn Raudsand, og dermed kan dei lage eit mindre anlegg, opplyser Bergmesteren.

https://www.nrk.no/mr/vil-skalere-ned-raudsand-anlegg-1.15162061