Kva skjer på Raudsand

Ein høre knapt om anna enn juss og lovligheitskontroll.

Det er stille rundt Raudsand saka. Kjem det ei robust helsekonsekvensutredning, utarbeidd av kommunen og kva gjer kommunen for å imøtekomme folkets sine bekymringar med tanke på miljø- og helsekonsekvenser?

Mange spør meg om dette og derfor invitere SV alle politisk parti i Molde til å delta i debatten i kommunestyret.

Molde kommunestyre vedtok 17.september 2020:

«5. Kommunestyrets flertall er mot et Nasjonalt deponi for uorganisk farlig avfall på Raudsand og ber derfor kommunedirektøren – i en god dialog med tiltakshaver –forberede en egen sak om reguleringsendring for arealbruk og reguleringsbestemmelser som er knyttet til det nasjonale deponiet for uorganiskfarlig avfall, jf. også presiseringer i brev av 17.08.2020 fra Direktoratet for Mineralforvaltning (DMF).Temaene bærekraft, sirkulær økonomi, gjenvinning og miljø skal vektlegges, i tråd med Miljødirektoratets føringer for moderne gjenvinningsindustri.»

På korsen måte er dette vedtaket fulgt opp?

Det skjer mykje godt arbeid for å hindre at avfall oppstår. På forbrenningsanlegget i Ålesund klarar ein no å lage grus/fyllmasse av bunnaska. På Hjelset i Molde tok ein vekk malinga på det gamle sjukehuset før ein reiv det og massen kunne då brukast til fyllmasse og måtte ikkje til deponi.

Har ordføraren på nokka vis fulgt opp kommunestyrets vedtak om at bærekraft, sirkulær økonomi, gjenvinning og miljø skal vektleggast?

Er registrering av mineralforekomstane satt i gang ?

Meiner kommunen at reguleringsplanarbeidet kan settast i gang før mineralane er registrert i kommunen sin arealplan i kommuneplanen, da arealplan, etter lov om kommuneplan er bestemmande for reguleringsplanar ?

Er kommunedirektøren i gang med å førebu ein eigen sak om reguleringsendring? Er tiltakshavar gjort klar over at mottak av farleg uorganisk avfall ikkje vil bli godtatt av Molde kommune?

Interpellasjon frå Bjørn Jacobsen SV til Molde kommunestyre

https://www.driva.no/meninger/2021/03/13/Kva-skjer-p%C3%A5-Raudsand-23641964.ece