Innspurt i forhandlingar om statens tomt på Raudsand

Både Veidekke og Næringsdepartementet har tru på snarleg løysing – stadfester møte om saka, men ingen vil røpe detaljar.

(Pluss-artikkel)

– Viktig at Stortingets vilje blir følgt opp

Steinar Reiten, stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal for Krf, har over tid vore oppteken av deponisaka på Raudsand, både då Raudsand var aktuell lokalitet for nasjonalt deponi for farleg avfall, og med tanke på opprydding av området.

– At det vert tatt ansvar for opprydding av området er svært viktig. Krf fekk dei borgarlege partia med på ein eigen merknad om dette til statsbudsjettet for 2019, dette er vedtatt i Stortinget og må følgast opp, seier Reiten til Rbnett. I merknaden heiter det:

«Stortinget ber regjeringen om at forurensningen på statens grunn må håndteres i forbindelse med salget av statens eiendom på Rausand i Nesset kommune i Møre og Romsdal, og at det legges til rette for at gruvesjakter og avfallsdeponier på områdene sikres samtidig.»

– Når det står «må håndteres», kan det da vere rom for tolking?

– Det uttrykker tydeleg at det skal ordnast opp, og at det er forventa at det vert vareteatt av den som kjøper. Departementet må forholde seg til det Stortinget har sagt, poengterer Reiten.

…………………………..

https://www.rbnett.no/nyheter/naeringsliv/2021/09/03/Innspurt-i-forhandlingar-om-statens-tomt-p%C3%A5-Raudsand-24509174.ece