Kjerstad spurde om Raudsand – slik svarer Nybø

Starta jobben på Stortinget med spørsmål om forureining på Raudsand – har no fått svar frå avtroppande minister.

Svar fra avtroppende næringsminister Iselin Nybø (V): 

Avtalen mellom NFD og Veidekke Industri AS (Veidekke) regulerer eigedomssalet, og fordeler på vanleg måte ansvar og risiko for ulike tema på kjøpar og seljar.

Veidekke påtek seg risiko og ansvar for opprydding av ureining/avfall på eigedomane over bakken. Dette inneber blant anna ansvar for opprydding av dei 22 miljøavvika som er identifisert på eigedomane og etablering av topptetting på møllestøvdeponiet (deponi 2) i tråd med vilkår i vedtak frå miljømyndigheitene. Veidekke tek vidare ansvar for fysisk sikring av tilkomst til personheissjakta, samt ventilering og overvaking av personheissjakta med omsyn til mogleg gassdanning frå massane som ligg i personheissjakta. Massane skal ligge urørt, og sjakta skal ikkje nyttast av kjøpar i framtida. I dette samla ansvaret ligg det betydelege kostnader for Veidekke.

Staten beheld risiko og ansvar for eventuelle framtidige pålegg som måtte gjelde forureining/avfall under bakken, dvs. forureining som allereie finst i det gruvesystemet og som eksisterer på overtakelsen under eigedomane. Staten er ikkje ansvarleg for pålegg som blir utløyst av eller som er ein følgje av kjøpar si tidlegare eller framtidige verksemd.

Gjennom avtalen med Veidekke er ansvaret for forureiningsutfordringane avklart og sikrar at det vert rydda opp i forureininga på området i tråd med krav frå myndigheitene. Samstundes bidrar salet til å leggje til rette for lønsam verksemd og aktivitet på Raudsand. Det er mi vurdering at anmodningsvedtaket frå Stortinget er følgt opp gjennom avtalen som no føreligg, jf. omtale av anmodningsvedtak nr. 83, 3. desember 2018 i Prop. 1 S (2021-2022) frå Nærings- og fiskeridepartementet.»

https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=86042

https://www.rbnett.no/nyheter/2021/10/13/Kjerstad-spurde-om-Raudsand-slik-svarer-Nyb%C3%B8-24700702.ece